Viser arkivet for juni, 2010

Hørt rykte om at Postbanken snart er historie, er det noen som kan bekrefte det?

Jeg har hørt rykte om at Postbanken snart er historie, blir funsjonert med DnBNor.

I vertfall er Minibanken utenfor Førde Postkontor kapput, og vært det siden vekter streiken.Om den bilr reparert, eller utskiftet vet jeg ikke

Administrasjon og styremedlemmer i Helse Førde har ikkje teke ansvar for UPH.

I styremøtet den 18.juni kom det klart fram at styre og administrasjon i mange år har valt å oversjå situasjonen som har vore ved UPH når det gjeld mangel på spesialistar. Styremedlemmer og adm.dir. Bolstad understreka at situasjonen var vel kjent både i høve til tidlegare klagesaker, både frå kommunane, pasientar, eigne tilsette, og tidlegare dialog med Helsetilsynet. Styremedlemmane, administrasjon, fagdirektør og Helse Vest representert av styremedlem Helge Bryne, har valt å totalt oversjå problemet. Dei har vist ein mangel på respekt for pasientane som har hatt bruk for tilbodet ved UPH og familiane deira. Styret og administrasjonen sin manglande vilje og evne til å løyse problema har vore negativ for tilsette ved UPH. Miljøpersonalet har stått på i årevis for at barn og unge skal ha eit døgntilbod i fylket, men dei kan sjølvsagt ikkje erstatte barne og ungdomspsykiater eller barnepsykolog.

Det har vore eit gjennomgåande tema heilt tilbake til oppstarten av avdelinga i 2004 at UPH har mangla barne og ungdomspsykiater og psykologspesialistar. Sjølv om legen som var tilsett var i gang med psykiaterutdanning så var realiteten at drifta ved UPH mangla barne og ungdomspsykiater. Dette var situasjonen fram til at Fylkeslegen greip inn i saka etter at konstituert avdelingsleiar ved UPH, Frank Kalstad, sende eit brev direkte til Fylkeslegen.

Det er ansvarsfråskriving at administrasjonen og styret ikkje har gripe inn i saka tidlegare. Dei har hatt 6 år til å ordne opp i dette. Heller ikkje i 2007 når Klinikk for psykisk helsevern, hadde ubrukte lønsmidlar så vart det prioritert å få til ei løysing. I budsjettet for 2009 og 2010 vedtok styret at det ikkje skulle brukast midlar for å styrke spesialistbemanninga i verken poliklinikkar, BUP, eller døgnavdelinga, UPH. Dette er blitt gjort trass i at styret og administrasjonen har vore kjent med situasjonen ved UPH.

Saksutgreiinga om UPH bygg på ein evalueringsrapport som er utarbeida av konsulentfirmaet PwC. Vi stiller oss kritiske til ein del av saksopplysningane og talmaterialet som blir nytta i rapporten og vi er kjent med at fagdirektør Breidablikk starta forhandlingar med Helse Bergen om kjøp av 2 plassar før PwC starta å lage sin rapport.

Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk Helsevern, LPP, Sogn og Fjordane har fleire gangar påpeika Helse Førde sin nedprioritering av psykisk helsevern for både vaksne og barn. Det er siste åra lagt ned 24 døgnplassar for vaksne og fleire plassar står tome pga. manglande ressursar. Helse Førde rapporterer likevel inn til staten (Statistisk sentralbyrå og Norsk Pasientregister) at alle 99 plassane har vore i drift. Når det gjeld UPH så har det vore rapportert at det har vore 8 plassar i drift sjølv om lag halvparten har vore ute av drift pga. sparing.

Helse Vest har frist til den 25. juni med å finne ei løysing som kan sikre pasientane på UPH den behandlinga som dei har krav på. Vi er spent på deira tilbakemelding til Fylkeslegen. Vi voner at dei satsar på å oppretthalde UPH slik som i dag og at det skal kome på plass dei nødvendige spesialistane som lovverket krev. Kjøp av plassar i Bergen og behandlingsplassar for barn og ungdom ved dei vaksenpsykiatriske avdelingane vil ikkje gi eit godt og teneleg behandlingstilbod for denne pasientgruppa.

Mvh. Landsforeningen for Pårørende innen Psykisk Helsevern, LPP, Sogn og Fjordane, ved Astrid Gytri, sekretær.

  • Middagskvil
  • Eikenøtteliten

Gratulerer Firda Billag, som A/S

Firda Billag har blitt A/S , Firda Billag har vert Inerkomunalt. Eier forholdet er som det var når det var Interkomunalt.

Firda Billag eies av Sogn og Fjordane Fylkeskommune og 13 kommuner.

Hørte i Nyhetene at de med god utdanelse og god økonomi får bedre behandling hos legene enn de med dårlig utdanelse og dårlig økonomi.

Hørte i nyhetene at de med dårlig utdanelse får dårligere behandling enn de med god utdanelse og god økonomi, blant annet for at de med god utdanelse krever mer fra legen, enn de med dårlig utdanelse.

Kommuneøkonomi. Høgt utdanna innbyggjarar betyr meir pengar?

NRK Trøndelag har ei viktig sak om små kommunar og økonomi i dag.

Saka handlar om ein ordførar i ein av dei mange små kommunene i Norge. Jørn Nordmeland er ordførar i Osen kommune i Sør-Trøndelag. Ordføraren er sterkt indignert over måten regjeringa behandlar små kommunar på. Han meiner han ikkje blir lytta til og vil no melde seg ut av SV i protest. “SV-ordfører mot regjeringa.”

Eg trur det sit mange lokalpolitikarar rundt om i landet og er frustrerte over dårleg kommuneøkonomi. Eg har tidlegare skrive fleire blogginnlegg med same tema:

  1. “Regjeringa svelteforar små kommunar.”
  2. “Er Naustdal kommune for liten?”

Ein ting i artikkelen får meg til å sperre opp augene. Er det verkeleg rett at overføringane frå staten til barnehagar er avhengig av antalet innbyggjarar med høgare utdanning? Dess fleire med høgare utdanning dess meir pengar til kommunen? Hmm..Eg må sei at eg synes dette høyres merkeleg ut. Kva begrunnar ein i tilfellet ein slik regel med?

Den offisielle opninga av Kvellestad ballbinge :)

Biletserie med 4 bilete — bla med å trykkje på pilene

Samlingspunkt på Kvellestad høgtideleg opna.

Onsdag 16.6. var det høgtideleg opning av ballbinge på Kvellestad, som ligg midt i bygda på beste slåttemarka til Rune Engebø.
Ordføraren i Naustdal kommune, Håkon Myrvang, og om lag 100 personar kom til opninga. Ordføraren stod for høgtidleg snorklipping og utdeling av gåve. Leiaren for oppvekst og kultur, Robert Rysjedal var også tilstades. Formann i fotballkretsen Sogn og Fjordane, Olav Kjos Venjum delte ut ballar til potensielle fotball proffar i bygda. Apellen hans var at ballbingen måtte brukast mest mogeleg som samlingspunkt for gamle som unge. Ragnar Aaronsen frå Sparebanken Sogn og Fjordane hadde med seg ein sjekk på 35 000. Han formidla også ein sjekk på 2000 kr frå Tambarskjelvar idrettslag. Underhaldnings menyen bestod seg av linedance oppvisning og sketsj av jentene på Kvellestad. Ein fotballkamp stod også på menyen, kaffi og kaker var ein selvfølge. Loddsalget gjekk strykande, og blei ein kjærkommen ekstra inntekt for Kvellestad Velforening.
Kvellestad velforening vart opretta med det formålet å skape ein trygg arena for fysisk aktivitet. Blant fleire lanserte idèer blei det bestemt at vi ville ha ballbinge i bygda. Planlegginga starta i 2007, og med mykje papirarbeid, våkenetter og fleire hundre dugnadstimar av store og små, stod ballbingen ferdig i september 2009.

Styret i Kvellestad velforening som består av Reni Catrin Grytten, Marit Seljevoll og Knut Horne vil med dette takke Rune Engebø som gav vekk beste slåttemarka si, Naustdal Kommune for forskottering av penger, takk går også til Sparebanken Sogn og Fjordane, Grendalaget, Helselaget og Stavang Bygdelag for god økonomisk støtte. Ei spesiell takk til alle husstandane på Kvellestad for pengegåver og ein fantastisk dugnadsinnsats.
Til sist vil vi rette ei stor takk til butikkane i Florø, Førde, Eikefjord, Vevring og Stavang som sponsa oss med mange flotte gevinstar til utlodninga vår, og alle dei som stilte med kake til opninga :)

Ein dag i badeland

For nokre veker sida var eg tante for ei helg, noko eg sjølvsagt set stor pris på. Eg byrja med ein gang å legge program for helga, for står ein utan program i tre dagar med ein aktiv femåring på handa…då slit ein. Det er jo lovfesta at når ein er på besøk hos tanter skal det vere gøy dagen lang. Det er berre reglane som er sånn.

Les meir…

Trenger vi 1 000 lappen?

Økokrim vil fjerne 1 000 lappen

Varg Veum filminnspeling

No nermar deg seg filminnspeling – oppstart 19. juli! Første dag er på ferja Lavik-Oppedal og sidan blir det Førde og Angedalen for fullt.
Det trengs mange statistar og no er det klart at det blir ikkje audition, men at interesserte melder seg til meg (Judith.hegrenes@c2i.net eller i nøden 92448784) Eg vil så formidle vidare og det blir ei utplukking. Det er lite og ingenting godtgjersle for slike roller, men mat og opplevinga blir det som er gevinsten. De får også vere med på kick-off-festen! som er grillfest på Hegrenes Bruk saman med skodespelarar og personell. Det trengs mange ulike typar bl.a. 10 frå “innsatsstyrken” og då tenkjer eg at jegerar eller medlear av skyttarlag/heimevernet) er typen som høver til det Det skal vere med ein “cool type i cabriolèt” og det skulle vel ikkje by på problemer??
8 skodelystne naboar, 12 som skal vere på kafè og nokre som skal gå forbi politistasjonen. 2 dykkerar og folk som kan vere politi og personell på politikontoret. Eg har lagt ut heile lista på facebooktilhengarsida “Varg Veum filminnspeling i Angedalen”