Viser arkivet for juli, 2010

Skal du til Praha?

Trenger du guide når du skal til Praha?

Da er det en som heter Martin Karlik du bør kontakte.
Han snakker flytende norsk og er behjelpelig med guiding og transport.

Kontakt Martin på e-post: martin75@volny.cz, eller på mobil: +420 776 750 329.

Se også nettsiden hans: www.martin-praha.cz

Garanterer et godt utbytte.

Er publikum i Sogn og Fjordane Stig Eikås sine "nyttige høner"

LOKALMEDIA SI ROLLE VED VAL AV KUNST OG KULTURTILBOD

Vi kan like det eller ikkje, men i vårt samfunn er alle aktørar, også når det gjeld kunst og kultur, avhegige av media for å nå fram til publikum. Difor har media eit visst ansvar for kva
som fortener merksemd.

Denne gongen tenkjer eg spesielt på Stig Eikås sine mange utspel, når det gjeld det som han kallar kunst, men som av fagfolk blir karakterisert som dilettanteri og sjarlantanisme.

Det er positivt at Firda 22. juli sette søkelyset på Stig Eikås sin “amatørkunst” og fekk ei
fagleg vurdering av den. Men no er tida inne til å setje punktum, Stig Eikås bør ikkje få meir merksemd.

Det finst alt 78 Eikås-skulpturar, som alle manglar kunstfagleg vurdering, og Eikås trugar
med å auke talet til 200. Dette må for ein kvar pris forhindrast. Men klarar han å halde
mediekjøret, kan ein risikere at han når målet.

Vi toler ikkje meir visuell forureining uten å risikere at Sogn og Fjordane får ord på seg for
å ha ei “anleis og spesiell kunst- og kulturforståing”

Stig Eikås sine produksjonar bør heretter teiast ihel.

Dagunn Klakegg

Turist i Førde

Museet ble besøkt i denne flotte byen, mye fint å se der, men…. Så var det disse ulempene med besøk da, for båtsamlingen var et trist syn, spredningen av båter var fin den, men båtene faller jo bokstavelig fra hverandre og en av motorene så ut som en haug av gravrust. Synes det er trist at kulturarven som har blitt samlet går slik i oppløsning.

Museet skal forøvrig ha skryt for en nydelig fotoutstilling, men et museum som ikke tar vare på sine gjenstander er rimelig stusselig….

Video frå Nordfjordregionen

Regjeringen har fjernet avgift på søppel, meldte BT i mai.

Regjeringen har fjernet avgift på søppel i revidert statsbudsjet i mai, har Bergens Tidende meldt. Mye tyder på at SUM fortsetter med å kjøre restavfall til Sverige. ?

Vi vet at BIR i Bergen gjerne vil ha Restavfallet fra vårt fylke til Fjern varme i Bergen. BIR har store problem med å få nok restavfall til sitt forbrenningsanlegg i Rådalen, på grunn av at SUM blandt annet sender restavfallet til Sverige.

Kjend svensk regissør til Førde for å lage scener til Varg Veumfilmen "Dødens drabanter" etter boka av Gunnar Staalesen

Den kjende filmregissør og manusforattar Stephan Apelgren kjem til Førde tysdag for å regissere Varg Veumfilmen ”Dødens drabanter” etter boka med same namn av Gunnar Staalesen . Apelgren er kjend for bl.a. å ha regissert fleire av Wallanderfilmane etter bøkene til Henning Mankell og ein annan kjend film som kan nemnast er –” Pianolærerens tilbakekomst”. Dei siste åra har han regissert mest krim, men har bak seg både drama og komedieproduksjonar.
Men karriera si starta han som musikar og ei tid spelte han i band saman med bl.a. Bjørn Afzelius.

Her i Førde blir han i ei god veke for å gjere mange scener til denne hittil siste filmen av Staalesen sine bøker. Det blir locationar i sentrum, ved politistasjonen og inne på Pikant. Ei scene skal skytast i Furevika og så ber det inn i Angedalen der både Aksla, vegen innover mot Botnavatnet, elva og to stadar på Indrebøen skal knytast til filmlerretet.
Og veret vårt ser ut til å bli etter filmprodusentane sine yskjer…grått og vått, noko som gjer seg best når det er snakk om kriminalfilm.

tenkte eg skulle vekke en del jølstringar med et maleri. eg regnar med at komentarane kjem.

Tidlegare styreleiar ved Førde islamske senter er terrorsikta.

I Dagbladet kan ein lese: Slik levde de terrorsiktede et dobbeltliv

Terrorsikta Shawan Sadek Saeed Bujak Bujak (37) var i 2002 styreleder ved Førde islamske senter. (!)

Det er vel nokon som no synes at “noko utidig” kjem utidig nær innpå.

Dette bør i alle høve vere ein tankevekkjar til dei som (til dels naivt og heilt ukritisk) tykkjer det er så umåteleg stor stas med det såkalla “kulturelle mangfoldet”.

Det er mykje som kan seiast om dette.
Men eg skal nøye meg med å seie lite;
Sunnfjordingane er i full stand til å gjere seg opp sine eigne tankar sjølve……..

Kommentarar?

På returen under årets Storehesten Opp kom den flotte utsikten fram. Talina Aasen Bakke, Gjert Klakeg Mulen og Roar Nornes med Storehesten og Lisjehesten bakom seg.

Kvinnelige bønder i mindretal.

Er sjokkert over at ein som kvinne i bondeyrket per definisjon aldri blir like bra som ein mann same kor hardt en jobber og kor gode resultat en har. Og at på gardar som blir drivne av mann og kvinne saman er det alltid mannen som tar æra.

Tenkte litt videre på den tankegangen og i kommunen vi bur i Naustdal kjenner eg faktisk ikkje til fleire kvinner som eig og driv gard. Det er for håpentligvis fleire en meg. Uansett er det verkeleg på tide å ta tak i likestillinga her i kommunen og lage tiltak som gjer det interessant for både kvinner og menn å drive gardane som er i kommunen. Ikkje har vi landbrukssjef og det har vi ikkje hat på fleire år heller.