Viser arkivet for desember, 2011

Nytt år og nye mueligheter

Vi går inn i 2012 med mange utfordringer i bagasjen, først og fremst innen helse, økonomi, kommunikasjon/infrastruktur.
I 2011 oppdaga vi at det ikkje berre var klimatiske lavtrykk og stormer vi hadde og hanskas med, vi måtte også innsjå at ondskapen hadde fått grobunn i vårt land.

Det lærte oss kva vi i røynda set pris på når livet blir satt på prøve.Vi oppdaga at gamle politiske stratigier ikkje lenger funger i vårt moderende samfunn, at vi må verta betre til å kvitta oss med fordommer og overdreven materialisme og ikkje minst egoet.Vi må fokusera sterkare på inividet i oss, spøyrja oss kva vi står for og vil for vår framtid.
Gjennom mange år har vi fått mange illevarslende spådommer for året 2012.Det vi med sikkerhet kan seia,er at vi står overfor store utfordringar som må løysast.Det som har skidd med oss i 2011 har gjort oss sterkare,klokare som mennesker og vist at vi står sammen når det gjelder. Det gjev opptumisme til at vi ser verdiane vi har og kan gje dei ny renessanse.
Det vi bestemmer oss for ,kan i fellesskap gjera at vi tek klokare avgjeringar for framtida.Då må vi handla bodde med mot og medkjensle for å gjera landet til ein betre stad å bu for alle, hjelpa dei som treng det mest,engasjere oss i miljøsaker,helse og skapa eit vakkert land som vi i 2011fekk innblikk i ved å fylja med Hurtigruta på sin ferd langst vår kyst. Vi fekk sjå kysten frå sin beste side.Det gjev håp for framtidige generasjoner.
Då må vi vera viljuge til å sjå røyndommen i kvitauga. Det er ikkje alltid enkelt , når ein samstundig har hendene fulle med familie, arbeid og økonomisk ansvar.Då kan det bli vanskelig å få auga på kor unike individer vi i grunnen er.
Om vi tørr å vera litt meir løssluppen,lar sjølvtillitens humor råde,vil det meste finne sin plass også i 2012.
Allerede denne julen har vi fått merke litt av dei utfordringane som venter oss, med forsinkinger,forviklinger av mange slag.Det er mange av oss som har vore frustrerte over at helsevesenet er vorte tungvindt på grunn av at komminikasjonen og infrafrakturen ikkje fungerer, men vi kan også sjå at det har ein hensikt. Det har forhåpentlig lært oss at teoretiske løysingar som politikarane har gjort seg avhengig av, ikkje fungerer utan samarbeid med praktiske erfaringer .Vi må kunne stille oss spørsmål om vi har gått for langt i vår lengsel etter matrielle goder. Vi må tørr å stilla spørsmål om vi må finna oss i at volden er aukande, grådigheta blomstrene og lata kynismen får meir og meir makt i samfunnetDet som påpeikes frå fleire hold, er at det er vanskelegare å nå fram til dei som skal setja med ansvaret., det er ein tankevekker, når ein ser det i lys av det som hevdast er orsaka til at det blir slik.Det kan vanskeleg tolkast på anna måte en at myndighetene passivt aksepterer innstillinga frå EU for den skal vera i pakt med det dei hevder er holdninga i det norske folk, sjølv om det to ganger har vore eit folke fleirtal for NEI til EU.

Juletrehogst i Gjesdalen

  • 21.12.2011 — Olin og Tiro på juletrehogst i Gjesdalen
  • 21.12.2011 — Juletrehogst i Gjesdalen
  • 21.12.2011 — Juletrehogst i Gjesdalen
  • 21.12.2011 — Juletrehogst i Gjesdalen

Bitter kuttdebatt i Naustdal

Det er med undring eg les sak i Firda 16.12.11 der det som er ei omorganisering av Naustdalskulen for å verne om kvalitet og tilbod til elevane våre er gjort om til ein debatt om skulenedlegging. Ei slik framstilling kan oppfattast som kutt i kvalitet og tilbodet til elevane.

I samband med revidert budsjett for 2011 og oppstart av nytt skuleår 2011/12 vart ressursane i Naustdalskulen redusert med 6 stillingar og opp mot ei stilling vart tatt vekk i barnehagane. Dette kuttet gjer at ein ikkje kan kutte fleire pedagogstillingar i skule og barnehage utan at dette får store konsekvensar for kvaliteten på elevane sitt opplæringstilbod og brot på opplæringslova. Det er i budsjett 2012 lagt til grunn at skule og barnehage skal ta sin del av dei 10. millionane som skal sparast inn og pålagt å redusere tilbod med ca.kr. 4 mill. og 2,5 mill. av desse skal takast inn på skule. Dette vil utgjer ca. 6-7 pedagogstillingar.

Sak om kretsendring er lagt fram for å skjerme kutt av pedagogstillingar og verne om dagens ressursar til spesialundervisning og delingstimar for å kunne oppretthalde dagens kvalitet og lovpålagde tenester i skulen vår.
Såleis er ikkje dette ei sak som omhandlar kutt i form av reduksjon av pedagogstillingar, men ei omorganisering av Naustdalskulen for å ivareta kvalitet i tilbod og vern av elevane sitt læringsmiljø.

Skulebygget ved Horstad skule som er eit av to skulebygg ved Dalen skule i dag vert lagt ned. Dalen skule vert sentralisert i eit skulebygg ved Midtredalen. Elevar frå 1- til 7.trinn som soknar til Horstad krins vert flytta til sentrum.
Elevar i 5.-7. trinn ved Vevring skule vert flytta til sentrum og barnehagen vert samordna i skulebygget saman med 1.-4 trinn.
Kort sagt: Ingen skular vert lagd ned, men vidareført ved omorganisering av elevar gjennom kretsendring og flytting.

Ungane våre er framtida, difor må vi gje dei best mogleg kvalitet på skuletilbodet og fremje eit best mogeleg læringsmiljø og det gjer ein ikkje ved å kutte den viktigaste ressursen i skulen –læraren- for å oppretthalde gamle tradisjonar om kretsgrenser og mange skulebygg. Naustdal kommune står framfor store økonomiske utfordringar og kommunestyret i Naustdal har tatt sitt ansvar den 15.12.11 og prioritert elevane og kvaliteten på skuletilbodet deiras. Elevane våre og deira kunnskap er den viktigaste kvalitetsfaktoren for framtida!

Are Einevoll
Nestleiar Naustdal Høgre

Salt smeltar ikkje snø

No er vinteren her igjen, og saltebilane går i tide og utide.
Eg vil berre få minne om litt gamal kunnskap. Før fryseteknikken vart utvikla, vart fisk frosen ved å blande salt i snø. Ein oppnådde då ved optimal blanding ein temeratur ned til minus 21 grader.
Det saltebilane i realiteten gjer er å fryse ned vegbana slik at ein får stålis under, og pulversnø oppå. Kva er gevinsten her. Fleire beinbrot, glattare veg og eit miljøproblem.
Viser til ein kronikk i adresseavisa 29.12.2009 av professor Trygve M Eikevik ved NTNU der han skriv om dette problemet.Kvit vinterveg vil ikkje sei det same som glatt veg. Kvit vinterveg vert glatt ved salting.
Eg har erfaring frå begge deler, men fordelen med kvit vinterveg er ikkje så mange som får erfare no til dags, når det vert salta alle stader.

To vinnere

Jenny vant med knapp men sikkert velfortjent margin. To sympatiske finalister som i tillegg evnet å begeistre med gudegitt sangprakt. Jenny vant fortjent og Vegard vant fortjent. Må si at jeg ble overbevist om at to stjerner ble skapt.

En selværklert stjerne derimot falt i havet og sluknet. Jennys avslutningsfremføring ble brutalt kuttet for å gi plass til fordel for presentasjon av fantastiske tilbud på produkter til bare 9.999.- og kosmetikk som gjør Vårherres skaperverk til annenrangs håndverk.

Nok om det. Nå er det håndball som gjelder.

Politikere som har sove i 100 år.

I Firda si papirutgave den 16 – 12 står det ein artikkel om debatten i Førde bystyre der Norvall Nøringset SV Kommenterte FrP sitt framlegg om konkuranseutsetting med følgende: “Eg høyrer kva Frp seier, men er av den oppfatning at Sogn og Fjordane ikkje er bygd for konkuranseutsetting. Sjå berre på kva som har skjedd med vegane våre etter at dei vart konkuranseutsett.” Og så i samme debatt repliserer Guri Handeland AP : " Det er ikkje vår måte å drive tjenester på, og det er ikkje marknad for det i vårt område,….."

Dette må for det første være noko av den største missoppfatta virklighetsbeskrivelsen eg nokon gang har lest. Er ikkje Sogn og Fjordane skapt for konkuranseutsetting ? Men kva er det som skjer rundt oss da? Båtrutene våre er konkuranseutsatt, og rutene går. Alle kjem seg heim eller dit dei skal i dette fylket. Hva med Bussrutene, dei er konkuranseutsatt dei går og fungerer som bare det. Ja Sogn og Fjordane fylkeskommune har faktisk tent penger på det noko som har gjort at ein kan opprette flere gode tilbud ute i distrikta våre ved å bruke dei oppsparte midlane på ruter der. Ein kan nevne i fleng andre ting som f.eks Flyrutene på fylket, godstransport med mer. Og det fungerer. Og fylket vårt skal ikkje være skapt for konkuranseutsetting ?

Og når så i tillegg at Nøringsset henviser til at det er konkuranseutsettinga som gjer at vegane våre ser ut som dei gjer, ja da vil eg hevde at det er ei ansvarsfraskriving av dimmensjoner. For kva er det som gjær at vegane våre ser ut slik dei gjør. Jo, manglande vilje fra regjeringa til å løyve nokk penger til vegbygging, vegvedlikehald og rassikring. Og Norvall Nøringsset sitt parti har nå sete i regjering i snart to perioder. Og da å påstå at dei som ar anbud rundt om i fylket vårt på vegane våre ikkje gjør jobben sin fordi dei er konkuranseutsett er temmelig frekt synes eg. Nøringsset bør heller rette skytsen sitt mot egne i regjeringa.Heile den vestlige verden er bygget meir eller mindre på konkuranseutsetting. At samfunn ikkje er skapt for slikt og det ikkje er slik vi gjør det eksisterer kun inne i hodene på radikalere fra venstresiden og ikkje i virkeligheten.

God jul alle sammen og vel heim til julehøytiden i konkuranseutsatt kollektivt rutenett.

Kommentarar til Hyllestad kommunestyre angåande budsjettforslag 2012.

FO sine medlemmer er tilsett i mange delar av organisasjonen Hyllestad kommune. Vi kjenner difor kvardagen i fleire delar av kommunen; skulen, nav, miljøtenesta og psykisk helseteneste. Vi er uroa over administrasjonssjefen sine framlegg til kutt i alle desse tenestene. Vi ser at kommunen er i ein vanskeleg situasjon, men om ein skal levere kvalitet i tenestene til ei brukargruppe med ekstra utfordringar i livet er ein avhengig av ressursar.

På skulen er det føreslege å ikkje bruke klassedeling, ikkje vikar, ikkje ekskursjonar og mogleg kutt i spesialpedagogiske tiltak. Når det gjeld spesialpedagogiske tiltak har desse elevane lovfesta rettar som ein kommune ikkje kan vedta å sjå vekk frå. Klassedeling gjev elevar og lærarar ro til å jobbe godt fagleg. Med færre elevar kan læraren bruke meir tid på den enkelte. Å ha tid til å sjå kvar elev, kvar time er uvurderleg for å fange opp psykososiale problem. I tillegg vert moglegheita for fagleg utvikling styrka. Ekskursjonar gjev elevane høve til å vere saman på andre arenaer enn skulen. Dette er samlande og styrkjer det sosiale fellesskapet. For Hyllestad skule som også har mange framandspråklege elevar er det ekstra viktig med fellesskapskjensle i klassane. Det var kjekt å sjå at rektor seier at rekrutteringa av kompetente lærarar har vorte betre. Ein har investert for å utvikle, behalde og skape fagleg entusiasme og framtidstru. Det ville vere synd å slå beina under dette når ein no ser målet nærme seg.

Leiar av aktivitetsenteret er føreslege redusert til 20% stilling. Dei av brukarane som har miljøarbeidar vil få tilbod om å vere på aktivitetsenteret i følgje med desse. Men det er heilt klart svært begrensa kor mykje ein person åleine kan gje av aktivitet når ein også skal ivareta kvar brukar sine personlege behov for hjelp. Miljøtenesta har vore ei av dei tenestene innanfor omsorg med lågast sjukefråver. Om presset og kjensla av å komme til kort kvar dag vert det vanlege, er det dessverre ein realitet at dette kan endre seg. Dei av brukarane som ikkje har miljøarbeidar vil i praksis ikkje ha ein stad å gå til for å møte andre og vere i aktivitet/arbeide kvar dag. Dei kan komme til lokala og vere der. Men kva positivitet og utvikling vil det då vere om ikkje nokon er der og set i gang, lagar mat, legg til rette for aktivitet og trim? Fellesskapet, det sosiale, ein stad å høyre til er ekstra viktig for dei som står utanfor det ordinære abeidslivet. Det handlar om livskvalitet for dei som fekk eit liv med fleire begrensingar enn det dei hadde håpa.

På Nav er det føreslege å kutte 20% stilling. Men skal Nav Hyllestad klare å drive sosialfagleg arbeid for å halde sosialhjelpsbudsjettet nede treng ein dei ressursar ein har i dag. Mange veit ikkje kva sosialfagleg arbeid i Nav betyr. Det handlar om å ha høve til å reise på heimebesøk for følgje opp vedtak, gje økonomisk råd og rettleiing, gjeldsarbeid, frivilleg forvalting av trygd og rusarbeid for å nemne noko. Ein har også andre ordningar td kvalifiseringsprogrammet der deltakarane har krav på tett oppfølging på vegen til arbeid. Dette er tidkrevjande og lovpålagde arbeidsoppgåver. Om ein ikkje får ressursar til å prioritere det vil det kunne få store konsekvensar for einskildpersonar som hamnar i økonomisk uføre. I tillegg vert jobben Nav må gjere i ettertid vesentleg meir omfattande.

Psykisk helseteneste har hatt 1,5 stilling dei siste åra. Ein har hatt ei teneste som kan jobbe med dei kronisk psykisk sjuke i kommunen, men også personar som har møtt utfordringar som har gitt dei psykisk ubalanse for ein periode. Ein ser at brukargruppa har vorte større. Frå nyttår er det føreslege å vidareføre vakanse, slik at tenesta vert redusert til 80% stilling. Ein har søkjar som er klar til å komme inn i 50% dersom tenesta vert opprettheldt. Om ein gjev eit redusert tilbod frå psykisk helseteneste vil dette føre ti l auka trykk i legetenesta, omsorgstenesta og Nav. Ein vil heller ikkje ha moglegheit til å vere i hyppig nok kontakt med brukarane til å sjå tidleg om dei er i ferd med å verte dårlegare. Tidleg intervensjon i psykisk helsearbeid er viktig. Det gjev større moglegheit for å lukkast i behandlinga og ikkje minst gjev brukaren ein kortare periode med eksempelvis psykose, angst eller depresjon. Nokre treng hjelp til å verte frisk, andre til å leve med sine vanskar og begresningar og likevel ha verdigheit og god livskvalitet.

Vi ynskjer også å nemne forslag om å kutte leiarfunksjonar, kjøkken og vaskeri i omsorgstenestene. For å kunne redusere sjukefråver er ein avhengig av god dialog med den sjukemelde og oppfølging frå leiarar. Dette krev tid. Og om leiarane skal overta avdelingssjukepleiaroppgåver vil dette naturleg nok bruke opp tid som skulle gått til dette. Å ha kjøkkentenester inneber at ein kan bringe fersk mat rundt til brukarane kvar dag. God næring er førebygging av sjukdom, og for mange kan det gje styrke til å bu lenger heime. Matlukt på institusjonen handlar om livskvalitet, om å kunne gle seg til måltida. For mange er dette høgdepunkt på dagen.

Behova i tenestene vi har kommentert vert ikkje vekke sjølv om hjelpetenestene vert reduserte. Eleven, brukaren eller pasienten vil framleis ha trong for støtte og hjelp. Om ein kuttar i ei teneste vil det føre til auka trykk på dei andre. For dei som ikkje kan få hjelp frå andre tenester vil det gje ein kvardag som er tung og vanskeleg, med færre lyspunkt og mindre moglegheiter for utvikling og vekst. For desse brukarane handlar det ikkje berre om kvalitet på tenester, men om livskvalitet i det heile. Vi ber kommunestyret tenke langsiktig. Om ein ikkje tek tak i problema tidleg vil det kunne føre til store behov på sikt. I tråd med samhandlingsreforma ynskjer FO at Hyllestad kommune skal vere ein kommune med fokus på førebygging og folkehelse i eit breitt perspektiv.

FellesOrganisasjonen for barnevernpedagogar, sosionomar og vernepleiarar i Hyllestad (FO)
Brite Wallevik Ness
Gry Herland
Sigrunn Østerbø
Sveinung Igland
Aina Brendsdal Forthun
Katrin Borlaug Ringereide
Anne Merete Takle

Fenomen ? Regnet bøtter ned, men sola skin gjennom regnet.

JØLSTER SKISENTER OPNAR LAURDAG 10.12.11 KL 12.00!!

VI OPNAR I MORGON LAURDAG 10.12.2011 KL 12.00!!!!! :-)

Det er med stor glede eg ynskjer alle velkommen til ein ny sesong i Jølster Skisenter! Vi feirar at vi opnar tidlegare enn nokon sinne!! Dette ynskjer vi å feire med å la alle køyre gratis frå kl 12.00 og fram til 13.30. Etter dette må de løyse ettermiddagskort. (sesongkort gjeld sjølvsagt)

I denne omgang er det Kvamsbakken opp til mellom av……stigning som vert opna. Forholda er litt marginale i toppen men meget gode frå henget og ned :-)

Skiutleige og sesongkort får de kjøpt i varmestova, men dagskort etc får de kjøpt på “Stølen” ved Kvamsheisen. Øverste parkering er også rydda slik at det kan parkere der.

SPRE BUDSKAPET Å LA JUNGELTELEGRAFEN GÅ!

Hjarteleg helsing ein smørblid styreleiar"WWW.JOLSTERSKISENTER.NO":http://WWW.JOLSTERSKISENTER.NO